Cosplaykonkurranse m/ Spillkultur - SognaCon 2026

Bilde for Cosplaykonkurranse m/ Spillkultur - SognaCon 2026

Framsyningar

Henter programmet

GRATIS, du treng ikkje billett.

Vil du delta i konkurransen MÅ du fylle ut dette skjemaet.

Sjå eller ver med på eit forrykande cosplayshow! 
Det vert fokusert på senka skuldre, vakre/kule antrekk og fremføringar, og at dette skal bli ei fin og kjekk oppleving for både deltakarar og publikum.

Konkurransen:

Deltakarane blir vurdert i ein av to kategoriar; “crafting” og “showmanship”. Det blir kåra ein vinnar i kvar kategori, medan resten av premieplassane vert valgt basert på ei heilheitsvurdering.

“Crafting” vil i all hovudsak bli vurdert på handtverket i antrekket. Her blir deltakarane invitert til ein prejudging-seanse på søndag 1. mars, der dommarane stiller spørsmål om antrekket du har laga.

“Showmanship” vert vurdert ut frå ei heilheitsvurdering basert på antrekket og sceneopptreden. Her er det ikkje behov for prejudging-intervju.

Du kan også velgje “Cosplay Catwalk”. Her vil du få gå på scena og vise deg fram saman med dei andre deltakarane, men du vil ikkje vere med på sjølve konkurransen. Dette valet er perfekt for dei som berre vil prøve seg på å stå på ei cosplayscene for første gang, eller veteranar som har lyst å vere med å lage show, men ikkje vil stjele fokus og premiar frå yngre deltakarar.

Vil du delta i konkurransen MÅ du fylle ut dette skjemaet.

Dommerane i år er:
-Sara Alix Frønningen Bell @floofcosplay
-Sophie Riis @sophieriis
-Wenke Jortveit @fandomily_cosplay

"Spillkultur" er ein forening som jobbar for eit breitt, inkluderande og kunnskapsbasert spelkultur. Mottoet deira er at kjærleik for spelkulturen vert opplevd som kjærleik for menneska i den, og derfor jobber dei for å skape arrangement og arena der menneska som elskar spel kan samlast, og å skape og lære opp gode rollemodellar for unge spelkulturinteresserte.

Spillkultur heiar på heile spelkulturen, frå cosplay til gaming, til rollespel, brettspel, samlekort, miniatyrspel og -måling, laiv og alle dei andre kule aktivitane i og rundt spelkulturen.

Spillkultur stiller i tillegg med standområde - miniatyrmåling - Blood on the Clocktower og Cosplaykonkurransen.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 1. mars kl. 15:00-16:00.