Billettsal

Bilete av kinobillett

Opningstider og info.

Billettsal og opningstider:
Billettkjøp på nett er døgnopent heile året.

Me viser film tysdag - søndag.
Kiosken med billettsal er open på følgjande tider:
Måndag:
Stengt
Tysdag, onsdag, torsdag og fredag: kl. 17:30 – 20:00
Laurdag og søndag: kl. 15:30 – 20:00
Tlf. 57673300 og tast 2 for kiosken (innanfor dei oppgitte tidene).
I høgtider og sommar kan det vere andre opningtider, men kiosken er alltid open 30 minuttar før kvar kinoførestilling og arrangement.

Har du spørsmål om billettar som er kjøpt på nett?
Sjekk hjelpesidene til eBillett ved å trykka her.
Eller ta kontakt med post@ebillett.no eller sogndal@kulturhus.no (kontortid måndag - fredag 0830-1500).

Usikker på om kjøpet blei gjennomført? klikk her!

NB! Kjøpte billettar blir ikkje refundert!


Reservering av billettar:
Det er ikkje mogleg å reservera billettar til kino.
Du kan reservera billettar til arrangement i kiosken på kulturhuset. Hentefristen for billettar er 7 dagar.


Billettprisar på kino:
Vaksen frå kr. 145,-
Student frå kr 115,- (Gjeld høgskule- og folkehøgskulestudentar. Gyldig studenbevis må kunne framvisast ved billettkontroll)
Ungdom (11-15 år) frå kr. 135,-
Barn (under 11 år) frå kr.110,-
Vaksen 3D frå kr. 150,-
Barn/Ungdom 3D frå kr. 140,-
På 3D filmar får ein låne 3D-briller ved inngang. Desse må returnerast etter filmen.


NB: På filmar med 12 års aldersgrense er det ikkje barnebillettar.
Enkelte filmar kan ha høgare pris grunna høgare leige.


Aldersgrenser:
A : Tillatt for alle
6 år: Tillatt for alle barn saman med vaksne
9 år: Adgang for barn ned til 6 år saman med vaksne
12 år: Adgang for barn ned til 9 år saman med vaksne
15 år: Adgang for unge ned til 12 år saman med vaksne
18 år: Absolutt aldersgrense. Ingen personer under 18 år har adgang. Kjøpte billettar vert ikkje refunderte for ungdom under 18 år som prøver å kome seg inn på 18-års filmar.

Vaksen er ein føresett eller anna myndig person i føresette sin stad.

Følgjekort:
Sogndal Kulturhus aksepterar følgjekort/ledsagerbevis på kino og nokre typar arrangement.
Ved framsyning av følgjekort betalar eigaren av kortet ordinær pris, medan ledsagar får gratisbillett.
Følgjekortbillettar ligg ute på nett for dei arrangementa som tilbyr dette, men dessverre IKKJE for kinofilmar. Dersom du skal på kino med følgjekort må du kjøpe/få billetten i kiosken på kulturhuset eller ved å kontakta oss på sogndal@kulturhus.no.
Det er greit at følgje kjem innom med følgjekortet for å kjøpe billettar. Du kan ringe å reservera billettar til arrangement (ikkje kino), hentefristen er 1 veke. Du kan sende e-post til sogndal@kulturhus.no for å reservera billettar eller avtala kredittkjøp. (denne e-posten er berre bemanna kvardagar på dagtid.)

Rullestol-/handikapplassar:
Storsalen: Det er rullestolplass på rad 5 sete 1 i Storsalen.
Dersom det ikkje er ledig plass på rad 5 kan ein sitte på sida av salen, då kjøper ein berre eit sete ein anna plass i salen.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål. Me pleier å reservera seter på rad 5 til rullestol.
Sal 2 og 3: Det er plass til rullestol på fremste rad, gi beskjed i kiosken så legg vi til rette for dette.

Kredittsal:
Større grupper, bedrifter, folk med følgjekort osv. kan få tilsendt faktura på billettane.
Fakturaen må vere betalt før billettane vert sende eller kan hentast.
Kontakt sogndal@kulturhus.no for å gjere avtale.