Gåvekort

To gåvekort
Gi ei oppleving i gåve!

Gåvekort frå Kulturhuset kan brukast som betaling på kinoframsyningar, kioskvarer og alle kulturarrangement på Sogndal Kulturhus, til dømes konsertar, standup, teater, show, foredrag og anna.
Du velgjer kva beløp som skal stå på gåvekortet, og mottakaren velgjer sjølv kva det skal nyttast til.
Gåvekortet kan brukast ved kjøp i kiosken og ved billettkjøp på våre nettsider.

Gåvekort kan du kjøpa ved å trykka HER
eller i kiosken på kulturhuset.
Opningstider i kiosken er tysdag - fredag kl. 17:30 - 20:00, og laurdag/søndag kl. 15:30 - 20:00.
På sumarstid opnar kiosken 30 minuttar før første film tysdag - søndag.

Kjøper du gåvekortet på nettet vel du sjølv kva som skal stå på kortet, og kor stort beløp det skal innehalde. Du kan også velje blant fleire motiv. Gåvekortet kan du enten printe ut sjølv, eller videresende som e-post til den som skal motta det.

Kjøper du gåvekortet i kiosken på kulturhuset vel du også beløpet sjølv, samt at du får du eit hardplast gåvekort med gåvekortomslag og konvolutt.

Gåvekortet er gyldig i 12 månader frå kjøpsdatoen.

Problem? Har du kjøpt gåvekort men ikkje fått det tilsendt på e-post? Då kan du senda mail til post@ebillett.no og oppgi mailadressa og dei fira siste siffra i kortnummeret som blei brukt ved kjøp av gåvekort.

Bruk av gåvekortet:
Gåvekortet kan ein bruka i kiosken på kulturhuset eller til billettkjøp på våre nettsider.
Gåvekortet har ein PIN-kode på som kan brukast til å betale billettar med på nett, saman med gåvekortnummeret. Du kan også delbetale billettar på nett med gåvekortet, restsummen betaler du med kort eller Vipps.
Skal du bruka gåvekortet i kiosken på kulturhuset tek du med deg gåvekortet så skannar me det ved bruk.