Galleri Gravenstein

Du finn galleriet opp trappa og til venstre i 2. etasjen.
Sogndal Kunstlag inviterer til utstillingsopning i Galleri Gravenstein 7. mai klokka 18:00.
Det blir kulturelt innslag og introduksjon frå kunstnaren.
Utstillinga "Lobotomiens historie" er eit prosjekt frå kunstnar Lillian Karin Bjørdal.
Bjørdal tek for seg eit av dei mørkaste kapitla i norsk helsehistorie, gjennom sterke skulpturelle verk, installasjonar og materielle spor frå kvardagen.
I dette prosjektet utforskar Bjørdal eit kollektivt traume som det lenge har vore teia om. Over 2.500 menneske fekk livet endra for alltid, dei blei fråtatt si stemme, sin sjanse til å delta i samfunnet.
– Mi eiga mormor blei lobotomert, ved Opdal Asyl i Molde. Det var ved å leite i familiehistoria at eg fekk inspirasjon til prosjektet, seier Bjørdal.
Med utgangspunkt i gjenstandar vi kjenner att, særleg pinnestolar og bord, undersøker Bjørdal korleis kontroll, makt og avmakt kan ta form i det materielle.
Gjennom endringar i form, overflate og funksjon skaper ho rom for undring, utforsking og kritisk refleksjon.
Eit sentralt verk i utstillinga er Snitt – ei forteljing om statleg dehumanisering. Arbeidet vart til i juli 2025 ved Mottaket i Ålesund, der kunstnaren saga 19 pinnestolar i over 2 .500 bitar – for hand.
Kvart einskild bit representerer eit menneske blant dei som vart lobotomerte i Noreg i perioden 1941–1974. Verket er ei sterk påminning om korleis systematiske inngrep effektivt reduserer menneskeverdet til tal.
Lillian Karin Bjørdal har kunstutdanning frå Ytre Kunstfagskule, er adjunkt med tillegg i kunst og handverk frå Høgskulen i Volda og NTNU, og arbeidde som kunst- og handverkslærar frå 1997 til 2022. Ho er medlem i Norske Billedkunstnere (NBK) og Biletkunstnarane i Møre og Romsdal (BKMR), samt del av Aggregat Kunstnerfellesskap.
Stad: Galleri Gravenstein, 2. etasje Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Offisiell opning torsdag 7. mai kl. 18:00.
Elles frå 7. mai til 7. juni på desse dagane:
Onsdag/torsdag/fredag kl. 18:00-20:00.
Laurdag kl. 14:00-18:00.
Søndag kl. 16:00-20:00.
Utstillinga blir ståande i galleriet til 7. juni. Velkomen!
Henter innhold...