Miniatyrmåling m/ Spillkultur - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
GRATIS! Kom og mål miniatyrfigurar med Spillkultur!
Du får ein miniatyr, målingen står klar, og gjengen i Spillkultur kan vise deg tips og triks. Nybyrjarar og erfarne miniatyrmålarar er velkomne!
Miniatyrmåling er ein avslappande, givande og kreativ aktivitet der du måler små figurar frå til dømes Warhammer, D&D eller andre spelunivers.
Tilgjengeleg for alle! Spillkultur stiller med utstyr, miniatyrar og måling, og deltakarane får behalde figuren dei har målt.
"Spillkultur" er ein forening som jobbar for eit breitt, inkluderande og kunnskapsbasert spelkultur. Mottoet deira er at kjærleik for spelkulturen vert opplevd som kjærleik for menneska i den, og derfor jobber dei for å skape arrangement og arena der menneska som elskar spel kan samlast, og å skape og lære opp gode rollemodellar for unge spelkulturinteresserte.
Spillkultur heiar på heile spelkulturen, frå cosplay til gaming, til rollespel, brettspel, samlekort, miniatyrspel og -måling, laiv og alle dei andre kule aktivitane i og rundt spelkulturen.
Spillkultur stiller i tillegg med standområde - miniatyrmåling - Blood on the Clocktower og Cosplaykonkurransen.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 12:00-16:00.
Søndag 1. mars kl. 10:00-14:00.
Berre stikk innom!