"Intro til Cosplay" foredrag m/ Sophie Riis - SognaCon 2026

Bilder av Sophie Riis i cosplay som Yelena Belova, og som Princess Peach.

Framsyningar

Henter programmet

NB! Du treng ikkje billett, berre møt opp!

(Bilete av Sophie Riis som Yelena Belova er teke av Mathilde Sommer, og som Princess Peach er teke av Tine Riis.)

Vil du lære kva cosplay er – og korleis du kan kome i gang sjølv?
Sophie Riis er ein erfaren cosplayer med heile 16 år bak seg i miljøet. I dette foredraget gir ho ei praktisk og inspirerande innføring i cosplay-verda, med tips, erfaringar og råd som passar både for nybyrjarar og dei som vil ta steget vidare.

Sophie jobbar til dagleg som autorisert frisør og i det kreative byrået Tinerific, der ho mellom anna bruker kompetansen sin innan parykk, sminke og sceneprestasjonar. Ho har reist rundt i Skandinavia som cosplaydommar, jobba som cosplayer i Japan, og har sjølv vore med å arrangere con i Noreg sidan 2011.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. februar kl. 13:00-13:45.
Gratis, berre møt opp!

! I tillegg til foredraget held Sophie også cosplay-kurs med SFX under SognaCon, og ho stiller som dommar i cosplaykonkurransen søndag.
Få også med deg GRWM med Wenke Jortveit laurdag.