Kurs: "Cosplay SFX" m/ Sophie Riis

Bilder av Sophie Riis i cosplay som Link og som Anakin Skywalker.

Framsyningar

Henter programmet

Aldersgrense 12 - 18 år - billettslepp laurdag 31. januar kl. 12:00.
Dei over 18 år kan kjøpe billettar frå 14. februar kl. 12:00.
NB! Kun 20 plassar per kurs.

(Bilde av Sophie Riis som Link er teke av Silje Danielsen, og Anakin Skywalker er teke av Valentine Pictures)

Vil du lære å sminke deg til å sjå ut som du har vore i ein kamp mot zombie’ar, monster eller ein skikkeleg stygg bossfight? Under SognaCon 2026 held cosplayer Sophie Riis eit SFX-kurs der du får lære korleis du kan lage realistiske sår, kutt, blåmerke, gugg og gusj – med sminke, enkle effektar og kreative teknikkar.

SFX står for Special Effects, og handlar om å bruke sminke og effektmateriale for å skape alt frå små skadar til skikkeleg groteske film- og cosplayeffektar. Her blir det både blod, tarmar og skikkeleg “ugh!”-stemning – på den beste måten.

Kurset passar for både nybyrjarar og dei som har prøvd litt cosplay frå før, og Sophie viser deg steg for steg korleis du får effektane til å sjå ekte ut.

Stad: Kunstgalleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 14:00-15:45.
Søndag 1. mars kl 10:00-11:45.
Billettpris: kr 100,- for å dekke litt av materialkostnadane.

Trykk på klokkeslettet øvst for å kjøpe billett.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no

! Få også med deg foredraget “Intro til Cosplay” med Sophie og GRWM med Wenke Jortveit.