Cosplay: "GRWM / Get Ready With Me" m/ Wenke Jortveit - SognaCon 2026

Bilde av Wenke kledd opp som Sevika frå Arcane og som Joyce Byers frå Stranger Things.

Framsyningar

Henter programmet

Du treng ikkje billett. Berre møt ved Wenke sin stand i Vestibylen, laurdag 28. februar kl. 17:00.

Wenke Jortveit er storesyster og mamma i kvartetten Fandomily cosplay.
I 2013 reiste ho for første gong på eit cosplay-con saman med veslesystera si – og vart heilt frelst. Sidan då har ho vore ein aktiv cosplayer, driven av gleda ved å lage og skape ting, og ikkje minst ha det kjekt på vegen. For Wenke er cosplay performance-biten alltid eitt av høgdepunkta på con, anten ho sit i publikum, er dommar eller står på scena sjølv. Ho let seg også lett begeistre av kreative løysingar og smart materialbruk.

Til SognaCon tek Wenke med ei utstilling av kostyme og cosplay-rekvisittar ho har laga gjennom 13 år som cosplayer. Kom innom og bli inspirert av reisa hennar – frå pizzaesker til 3D-printing!

Wenke er her med stand under heile SognaCon, men laurdag ettermiddag held ho òg ein live GRWM (Get Ready With Me) ved standen sin, der ho viser forvandlingsprosessen frå seg sjølv til ein heilt annan karakter.

Alle er velkomne til å kome og sjå på prosessen undervegs, stille spørsmål og slå av ein cosplay-prat!

Instagram: fandomily_cosplay
TikTok: @mother.cosplay

Stad: Vestibylen, Sognal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. februar kl. 17:00.

! Få også med deg “Intro til Cosplay” og kurset “Cosplay SFX” med Sophie Riis.

Du kan sjå Wenke sitt SognaCon 2025-foredrag “Fra pizzaesker til 3D-print” her: