BUSS: Bergen - SognaCon 2026 - Bergen

Bilde av ein Tide-buss

Framsyningar

Henter programmet

NB! LES HEILE teksten under!
Ein MÅ kjøpe billettar her i forkant med frist torsdag 26. februar kl. 23:59.
Det vert IKKJE solgt billettar på bussen.
Billettane gjeld tur/retur - altså både fram og tilbake mellom Bergen og SognaCon.

Ungdom i alderen 12-17 år ha med foresatt/verge.
1 verge kan ha med 3 stk i alderen 12-17 år.
Dei som kjøper fleire billettar vil få ein e-post der vi ber om namn på alle som skal vere med i bussen.

Den offisielle SognaCon-bussen, støtta av Vestland Fylkeskommune og med god pris frå Tide, går frå Bergen Busstasjon til SognaCon 2026 på Sogndal Kulturhus. Den stoppar ved Sogndal Kulturhus (stopp 1 på kartet under), rett etter den offisielle opninga, men før programmet startar.

Bussen går direkte utan stopp frå Bergen, men kjem til Fodnes Ferjekai kl. 11:15 - der det er mogleg med dostopp på ferja før den kjem i kai.

Søndag 1. mars går bussen frå MOTSATT SIDE av der du gjekk av, stopp 2 på kartet under, kl. 16:45. I god tid etter at programmet er ferdig cirka kl 16:00

Bergen - SognaCon:
Stad:
Bergen Busstasjon.
Dato og tid: Avreise laurdag 28. februar kl. 08:00 - møt opp i god tid.
Ferjestopp med minipause kl. 11:15. Framme i Sogndal kl. 11:50 ved Stopp 1 på kartet under.

SognaCon - Bergen:
Stad:
Nedsida av vegen for Sogndal Kulturhus (stopp 2 på kartet under).
Dato og tid: Avreise søndag 1. mars kl 16:45 - møt opp i god tid.

Billettpris: Kun kr 100,- takka vere støtta frå Vestland Fylkeskommune og god pris frå Tide.

Har du forresten sett at det er mogleg å få gratis overnatting på Sogndal Folkehøgskule?

Kart over Sentrumsområdet som viser kor buss-stoppa er.

Spørsmål? Send e-post til pelle@kulturhus.no