Overnatting på Sogndal Folkehøgskule - SognaCon 2026

Bilde av Sogndal Folkehøgskule

Framsyningar

Henter programmet

NB! LES HEILE teksten under!
Påmeldingsfrist torsdag 26. februar kl. 23.59.
Gratis overnatting laurdag - søndag!
Dei i alderen 0-17 år må med verge/foresatt.
18 år og eldre treng ikkje verge/foresatt.

Begrensa plassar! Ein MÅ ta ut gratisbillettar her i forkant. Det er ikkje mogleg å møte opp til overnatting utan billett.

Ungdom i alderen 0-17 år ha med foresatt/verge. 1 verge kan ha med 3 stk i alderen 12-17 år. 18 år og eldre treng ikkje verge/foresatt.
Dei som kjøper fleire billettar vil få ein e-post der vi ber om namn og fødselsdato på alle som skal overnatte.

Fantastiske Sogndal Folkehøgskule er så snille at dei stiller med 3 klasserom for gratis overnatting. I tillegg er det tilgang til toalett og garderobe med dusj.

Ein må ha med seg madrass eller tilsvarande og sengetøy/sovepose sjølve.

Det vil vere vakthald frå SognaCon under heile opphaldet.

Innsjekk: laurdag 28. februar frå kl. 18:00.
Ro/stille: kl. 23:00.
Utsjekk: søndag 1. mars kl. 10:00.

Stad: Sogndal Folkehøgskule,
Helgheimsvegen 9, 6856 Sogndal.
Dette er 9 minuttars gange (1 minutt med bil) frå SognaCon (Sogndal Kulturhus, Hovevegen 2, 6856 Sogndal).

Billettpris: Gratis takka vere Sogndal Folkehøgskule .

Kart som viser kor Sogndal Folkehøgskule ligg ift SognaCon.

Spørsmål? Kontakt pelle@kulturhus.no