"Blood on the Clocktower" m/ Spillkultur - SognaCon 2025

Bilde for "Blood on the Clocktower" m/ Spillkultur - SognaCon 2025

Framsyningar

Henter programmet

GRATIS! Stikk innom og bli med! Anbefalt for modne spelarar (15 år +).
Spelet passar bra til å hoppe inn og ut av, so berre stikk innom når du har tid!

Blood on the Clocktower er eit spennande sosialt spel fyllt med løgn, bedrag og drap! Vi sit ei ein ring og får utdelt ulike hemmelege roller. Spelet startar ved at vi er i ein landsby som vaknar til at ein av innbyggjarane er drept, og det er openbart at éin av dei andre innbyggjarane må vere ein demon i forkledning! Men kven?

Ein kamp mot klokka utspelar seg, der landsbybuarane må finne og fjerne demonen blant dei før alle er daude. Tenk deg Mafia, men med naive landsbybuarar og blodtørstige demonar.

Dette er eit spel som er lett å hoppe inn og ut av, so du kan kome og bli med i spelet når det passar deg. Anbefalt for modne spillere (15+).


"Spillkultur"
er ein forening som jobbar for eit breitt, inkluderande og kunnskapsbasert spelkultur. Mottoet deira er at kjærleik for spelkulturen vert opplevd som kjærleik for menneska i den, og derfor jobber dei for å skape arrangement og arena der menneska som elskar spel kan samlast, og å skape og lære opp gode rollemodellar for unge spelkulturinteresserte.

Spillkultur heiar på heile spelkulturen, frå cosplay til gaming, til rollespel, brettspel, samlekort, miniatyrspel og -måling, laiv og alle dei andre kule aktivitane i og rundt spelkulturen.

Spillkultur stiller i tillegg med stand og miniatyrmåling.

Stad: Klasserommet ved Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl. 14:00 - 18:00. Spelet passar bra til å hoppe inn og ut av, so berre stikk innom når du har tid!