Miniatyrmåling m/ Spillkultur - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
GRATIS! Kom og mål miniatyrfigurar med Spillkultur frå kl. 13:00-18:00!
Du får ein miniatyr, målingen står klar, og gjengen i Spillkultur kan vise deg tips og triks. Nybyrjarar og erfarne miniatyrmålarar er velkomne!
Miniatyrmåling er ein avslappande, givande og kreativ aktivitet der du måler små figurar frå til dømes Warhammer, D&D eller andre spelunivers.
Tilgjengeleg for alle! Spillkultur stiller med utstyr, miniatyrar og måling, og deltakarane får behalde figuren dei har måla.
"Spillkultur" er ein forening som jobbar for eit breitt, inkluderande og kunnskapsbasert spelkultur. Mottoet deira er at kjærleik for spelkulturen vert opplevd som kjærleik for menneska i den, og derfor jobber dei for å skape arrangement og arena der menneska som elskar spel kan samlast, og å skape og lære opp gode rollemodellar for unge spelkulturinteresserte.
Spillkultur heiar på heile spelkulturen, frå cosplay til gaming, til rollespel, brettspel, samlekort, miniatyrspel og -måling, laiv og alle dei andre kule aktivitane i og rundt spelkulturen.
Spillkultur stiller i tillegg med stand og "Blood on the Clocktower".
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl. 13:00 - 18:00. Berre stikk innom!