Teaterkafé før Bonnie & Clyde

Framsyningar
Henter programmet
Dersom du vil sikre at du får kake på teaterkaféen, ber vi deg om å kjøpe billett i forvegen. Dersom du ikkje ynskjer kake er det berre å møte opp utan billett. NB! Billettar til "Riksteatret: Bonnie & Clyde" kjem utanom.
I samband med Riksteatret si førestilling "Bonnie & Clyde" inviterer vi deg til teaterkafe i Blaoboxen før av framsyninga. "Bonnie & Clyde" kan du lese om og kjøpe billett til her.
Samle gjengen til eit glas eller ein kopp kaffi, og diskuter livets små og store spørsmål, før Riksteatret tek oss med på ei storslått framsyning kl. 19:00.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato: Torsdag 18. april kl 17:30.
Billettprisar kafe (teaterbillettar kjem utanom):
-Inngang er gratis, du betalar for det du eventuelt kjøper.
-1 stykkje kake (Sognadraumen levert av Meny Sogndal): kr 50,- (ver snill å kjøp billett på førehand)
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino onsdagar, fredagar og søndagar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.