Riksteatret: Bonnie & Clyde

Framsyningar
Henter programmet
Ei actionfylt og musikalsk reise – bak mytane om det legendariske kjærastparet!
Dei levde saman, rana saman, drap saman og døydde saman. Bonnie og Clyde var uskiljelege. Hadde dei nokonsinne moglegheit til å velge eit anna liv?
Opplev Heidi Gjermundsen Broch, Sondrey, Siri Black, Jakob Stabell og Chris Masters i ei spektakulær teaterframsyning om gnistrande kjærleik, dragninga mot det ulovlege, klassekamp og håpet om eit betre liv. Og om mødrer og fedrer som aldri snudde ryggen til barna sine.
Regissør og koreograf Belinda Braza lagar visuelt eksplosive framsyningar som kombinerer lyd, lys, popmusikk og dans på ein unik måte.
«Bonnie & Clyde» er ei framsyning som kjem til å røre deg, engasjere deg og få deg til å reflektere!
Framsyningslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).
Med songtekstar på både norsk og engelsk.
Urpremiere i Oslo, Nydalen 26. januar 2024
Turnépremiere i Moss 30. januar 2024
Av Belinda Braza, Clement Irbil og Cici Henriksen. Idé, regissør og koreograf Belinda Braza. Scenograf og lysdesignar Clement Irbil. Komponist, lyddesignar og musikalsk ansvarleg: Myrna Braza. Komponist, lyddesignar og musikalsk ansvarleg: Thomas "TomTom" Haugland. Kostymedesignar Ingrid Nylander. Dramaturg Cici Henriksen. Tekstbidragsytarar Hanna Asefaw, Kristofer Blindheim Grønskag, Belinda Braza og Cici Henriksen. Assisterande lysdesignar Øyvin Løype. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.
Kven var Bonnie & Clyde?
Bonnie & Clyde var eit berykta par som herja i USA under den store depresjonen på 1930-talet. Dei kriminelle handlingane deira fekk merksemd frå både presse og menneske over heile landet.
Dei var som Romeo og Julie med hagle og fluktbil. I fire år levde Bonnie Parker og Clyde Barrow på flukt frå politiet på dei støvete landevegane i Texas, men i mai 1934 var det brått slutt. Bonnie og Clyde vart meia ned i eit bakhald som myndigheitene stod bak. 167 skot vart avfyrt mot bilen dei sat i.
«Bonnie og Clyde – kjærester, gangstere og superstjerner»
Vi anbefaler NRKs podkast om det berømte kjærastparet som drøymde om å bli Hollywood-stjerner. Skurkeparet som ikkje hadde noko å miste, anna enn kjærleiken.
Du kan sjå det digitale programmet her!
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: 18. april kl. 19:00
Framsyningslengde: 1 time og 30 minutt (ingen pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 460,-
Honnør: kr. 372,-
Samarbeidspartnerar: kr. 372,- (LOfavør, ARK, Teatervenner Norge, Norsk bibliotekforening, Vi over 60 og Opplevelseskortet
JOIN. Max 4. bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.)
Gruppe: kr. 372,- (Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.)
Coop-medlem: kr. 360,- (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)
Alle under 30 år: kr. 180,- (Gyldig bevis må visast.)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på onsdagar, fredagar og søndagar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)