St. Patrick's Day Quizkveld

Framsyningar
Henter programmet
Velkomen til quiz kvelden før St. Patrick's Day!
NB! Prisen er kr. 200,- for eitt bord, med opp til maks 5 personar (dvs 40 kr per person om de er 5 på laget). Du betalar altså for eit bord, ikkje per person.
Dørene og baren opnar kl 18:00, med quizstart kl 19:00. Quizen varar cirka 2 timar.
Vi inviterar til ein variert, kjekk og uhøgtidleg Quizkveld i Blaoboxen.
Dei to rutinerte Quizzsjefane Siri Johanne og Per Kristian gir deg 20 spennande spørsmål kvar, altså totalt 40 hovudvrengjande oppgåver. Har ditt lag det som trengs for å sanke inn hovudgevinsten og kalle seg dei suverene meistarane av allmennkunnskap?
Dørene og baren opnar kl 18:00, med quizstart kl 19:00. Quizen varar cirka 2 timar.
1. premie: 1 billett til kvar medlem på laget til enten kino eller konsert med Shakai + stor sigerspopcorn.
2. premie: Stor popcorn til å tørke tårene med.
3. premie: Vanleg popcorn til spott og spe.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Laurdag 16. mars. Dørene og baren opnar kl 18:00. Quiz frå kl. 19:00.
Varigheit: Quiz varar cirka 2 timar.
Billettpris: kr. 200,- for eitt bord med opp til maks 5 personar.
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her, eller i kiosken på kulturhuset.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.