Shakai

Framsyningar
Henter programmet
NB! Dørene opnar kl. 18:00, konserten byrjar kl. 19:00.
Vel din eigen billettpris!
Shakai består av:
Eline Rafteseth, bassist og bandleder (Nh3, Heavy Astro).
Elisabeth Lid Trøen, saksofoner (Bergen Big Band, Trøen/Arnesen Kvartett).
Gabriela Garrubo, vokal (Metteson, Garrubo, Amalie Holt Kleive).
Simen Walle, gitarist (Nelly, Malum, Atari).
Kenneth Kapstad, trommer (Motorpsycho, Spidergawd, Møster! Stein Torleif Bjella).
Namnet Shakai kjem frå det japanske ordet for samfunn, som kan gjenspeglast i bandets tilnærming til musikk. Litt som eit samfunn består av individ med ulike perspektiv og livshistoriar, skapar bandmedlemmane sine ulike bakgrunnar eit spennande og variert lydbilete.
Musikken og tekstane handlar om alt frå livets store spørsmål, små historiar, oppgjer med fortida og håp for framtida. Musikken beveg seg frå å vere vakker og var - til leiken og rar. Dei blandar ulike referansar, ignorerar sjangerdefinisjonar og inviterar lyttarane med på ei reise i sitt eige vetle, underlege univers.
"Av alle bandene jeg ser, er det kun Shakai [...] som kan sies å virkelig blande sjangre og innføre utypiske instrumenter og stilelementer i lydbildet" - Maja Skanding, Ballade
"Et debutalbum som virkelig strekker seg utover opptegnede sjangerlinjer. Etoppsett med kontrabass, trompet, gitar og trommer vil nok av mange oppfattes som jazzete. Det er også et utgangspunkt for Shakais musikk, men det ville vært en kraftig forenkling å putte bandet i en konkret sjangerboks... Bandet nærmer seg tidvis en progressiv jazzrock, og de utforsker på elegant vis de mange muligheter som finnes i instrumentene og deres sammensetning. ... Et særdeles friskt debutalbum, med et stort overskudd av spennende detaljer å oppdage for en våken lytter." - Musikalske Sidespor, Victor Josefsen
Valfri pris - korleis fungerar det?
Me har laga ulike billettkategoriar som gir deg fridom til å velgje din eigen pris. Vel det som kjennes rett for deg, enten det er ein pris som passar bankkontoen eller ein som let deg støtte andre. Di støtte hjelp oss med å skape ei inkluderande og tilgjengeleg musikkoppleving for alle.
Billettpriskategoriane inkluderar:
🎵Platinum og Gull: For deg som ynskjer å bidra EKSTRA og støtte vårt musikalske fellesskap.
🎶 Ordinær: For deg som ynskjer å betale vanleg pris.
🎵Student / Under 18 år: For deg som er student eller under 18 år, som ynskjer å betale vanleg pris.
🎶Sølv og Bronse: Prisvenlege billettar for deg med eit litt stramt budsjett.
Me trur på fellesskapet. Ved å velgje billettprisen som kjennes rett for deg, er du med på å gjere denne konserten til noko spesielt. Uansett kva billettkategori du vel, er du velkommen til å nyte musikken med oss.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato/tid: Fredag 5. april. Dørene og baren opnar kl 18:00. Konsert frå kl. 19:00. Dørene stengjer 21:00
Billettpris:
Bronse: kr. 50,-
Sølv: kr. 100,-
Student / Ungdom under 18 år: kr 150,-
Ordinær: kr. 250,-
Gull: kr. 300,-
Platinum: kr. 500,-
Open Bar - ID 18 år
Folk under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her, eller i kiosken på kulturhuset.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)