Juleshow med Dans uten Grenser Sogndal og Leikanger

Bilde for Juleshow med Dans uten Grenser Sogndal og Leikanger

Framsyningar

Henter programmet

Elevar og ung-instruktørar ved Dans Uten Grenser Sogndal og Leikanger inviterer til eit stemningsfullt juleshow!

Publikum kan sjå fram til eit variert program med dansar frå vårsemesteret, fylt med energi, danseglede og kreativitet. Her får du sjå livlege danseinnslag, framført av dansarar i ulike aldrar og nivå.

Dette blir ei flott avslutning på eit semester med mykje øving, samarbeid og danseglede.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 6. desember kl. 17:00 og kl. 18:30.
Varigheit: cirka 1 time.
Billettpris:
Vaksne: kr 130,-
Barn: kr 100,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (Ledsagerbevis/følgjekort skal visast i døra. Hugs at den som eig følgjekortet skal betale ordinær billett).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.