Jul for swingende m/ Sogndal Storband og Lena Skjerdal

Bilde av ein julenisse som spelar saxofon

Framsyningar

Henter programmet

Dørene opnar kl. 18:00, konsert frå kl. 19:00.
Kjøp billett ved å trykke på dato/klokkeslettet over.

Sogndal storband set julestemninga med konsert i Blaoboxen. He får publikum ein hitparade av julemusikk for storband som ein sjeldan høyrer på våre kantar. Me får store klassikarar som Joy To The World, The Little Drummer Boy og O Holy Night smakfullt til rettelagt for storband av store arrangørar som Tom Kubis og Gordon Goodwin.

Storbandet byr også på låtar ein ikkje høyrer så ofte som Rudolph’s Mambo og The Christmas Song i salsadrakt. Sogndal storband trur det skal bli ein fin kveld med noko for ein kvar smak.

Viss ikkje du får julestemning av denne konserten MÅ du vera Grinchen!

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Tid og dato: Laurdag 5. desember. Dørene opnar kl. 18:00. Konsert frå kl. 19:00. Dørene stengjer 22:00.
Billettpris: kr 320,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.