Gjest Baardsen – myten og mannen bak

Bilde for Gjest Baardsen – myten og mannen bak

Framsyningar

Henter programmet

Gjest Baardsen – myten og mannen bak

Kven var eigentleg Gjest Baardsen – folkehelten som stal frå dei rike og gav til dei fattige, eller ein meister i å byggje sin eigen myte?

Stiftinga Gjest Baardsen Huset og Sogndal Kulturhus inviterer vi til ein kveld der statsarkivar og Gjest Baardsen-kjennar Yngve Nedrebø tek oss med bak forteljinga om ein av Noregshistorias mest berømte tjuvar. Kor mykje av historia vi kjenner, er eigentleg sann – og korleis klarte Gjest Baardsen å bli ståande som Noregs svar på Robin Hood?

Etter foredraget viser vi Tancred Ibsens norske filmklassikar «Gjest Baardsen» frå 1939, med Alfred Maurstad i den legendariske hovudrolla.

Ein kveld om lokalhistorie, mytebygging og filmhistorie – og om sogndølen som vart ein av Noregs største folkeheltar.

Stad: Sal 3, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 26. november kl. 19.00 - cirka 2120
Pris: kr 150,-