Event Horizon

Bilde for Event Horizon

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

Dei unge dansarane i ESC ungdomskompani tek over kulturhus på Vestlandet med denne danseframsyninga av koreograf Johannes Gudbrandsen-Stavland og dramaturg og tekstforfattar Maria Johanne Liabø. Med inspirasjon frå astrofysikken sitt omgrep om hendinghorisonten har dei, i tett samarbeid med dei unge dansarane, skapt Event Horizon.

Hendinghorisonten, eller event horizon, skildrar grensa rundt eit svart hol – punktet der det ikkje lenger er mogleg å snu. Med dette som utgangspunkt utforskar framsyninga fri vilje og førehandsbestemte lagnader.

Publikum kjem inn i eit dundrande rom, der lyden er tett, omsluttande og nesten heilag. Når støyen lettar, trer andre element fram i lydbiletet: stemmer, pust, sko mot golv, kostyme som gnis, hud mot dansematter. Kroppane er både rastlause og avventande. Dansarane kastar seg rundt, forlengjer fall, utfører tilsynelatande umoglege oppgåver, byggjer og ber – bryt ned. Dei er kvarandre sine hindringar og støttespelarar.

Event Horizon undersøker kva handlingsrom som finst når noko allereie er på veg i ei bestemt retning, mot ein slutt. Kan vi førestille oss nye røyndomar og gjere fantasiane våre til verkelegheit? Kan vi skrive om vår eigen lagnad – og kan vi skrive om den felles lagnaden vår?

ESC ungdomskompani for samtidsdans blir drive av Bergen Dansesenter og er eit unikt tilbod for ungdom i Vestland med særleg talent og interesse for samtidsdans. Kvart år rekrutterer kompaniet mellom 8 og 15 dansarar i alderen 14–19 år gjennom open audition. Eit høgt teknisk nivå og sterke kreative ferdigheiter ligg til grunn for opptak i kompaniet. ESC løftar òg fram yngre koreografar, som kvart år blir valde ut gjennom ein nasjonal og internasjonal open call.

Medverkande og kreditering

Dansarar/utøvarar:
Alex Olai Sjøthun (Luster), Isabella Viviann Engseth (Bergen), Jenny Marie Gaassand (Bergen), Sienna Solem (Bjørnafjorden), Vera Hernes Vågstøl (Bergen), Vill Brekke-Reksten (Bergen), Natalia Linnea Romslo (Øygarden)

Konsept: Johannes Gudbrandsen-Stavland & Maria Johanne Liabø
Koreografi: Johannes Gudbrandsen-Stavland
Tekst, dramaturgi: Maria Johanne Liabø
Musikk/komposisjon: Jonas Meurer-Lunde
Produsent/produksjon: BDS – Sølvi Katrine Andersen
Samprodusert av: Bergen Internasjonale Teater, Carte Blanche – Noregs nasjonale kompani for samtidsdans
Støtta av: Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Kulturdepartementet

Bio Johannes og Maria

Johannes Gudbrandsen-Stavland er ein dansekunstnar med bachelor i samtidsdans frå Kunsthøgskolen i Oslo. Han arbeider både utøvande og skapande, og trivst i skjeringspunktet mellom ulike fagområde. I tillegg til å vere koreograf for ESC og Event Horizon, står han bak eigne prosjekt som duetten PowerVers (2025) med Sigurd Bolstad og soloprosjektet Inkje til inkje (2026). Johannes var aspirant hos Icelandic Dance Company våren 2026, har nyleg gjennomført kurs ved Roy Hart Voice Centre i Frankrike og har samarbeidd med kompani og koreografar som Panta Rei Danseteater, Jukstapoz Company, Harald Beharie, Stian Danielsen og Yaniv Cohen.

Som utøvar blir Johannes trekt mot ville krefter, intuisjon, ytterpunkt og tvitydigheit. Praksisen hans er forankra i friksjon, fridom og i korleis kroppen møter omverda. Han dansar mellom det praktiske og det fantasifulle, tek omvegar og kjem med overraskingsangrep. Han er nysgjerrig på «the point of no return» – augeblikket når noko går frå å vere éin ting til uunngåeleg å bli noko anna, noko ukjent.

Maria Johanne Liabø er utdanna manusforfattar frå Westerdals og studerer kognitiv vitskap ved Universitetet i Bergen. Med bakgrunn frå dans, teater, tekst og lyd- og lysteknikk kombinerer ho dette i eit tverrfagleg kunstnarskap. Maria var sjølv dansar i ESC (2017–2019) og har medverka i mellom anna framsyninga Dream On, Baby, koreografert av Winter Guests / Alan Lucien Øyen & Daniel Proietto.

Stad: Storsalen, Sogn Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 8. november kl. 17:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 200,-
Følgjekort/ledsager: kr 0,- (NB! følgjekort må framvisast i døra).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar).
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.