Ylvis & Calle - Et juleshow

Bilete av Ylvis og Calle i julekostymer

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.

For første gong sidan I kveld med Ylvis skal Vegard, Bård og Calle dele scena saman att. I november og desember legg dei ut på turné med eit juleshow for ein podkast som ikkje finnes og 10. desember kjem dei her til Storsalen i Sogndal Kulturhus.

Med seg har dei instrument, songar som har lege på vent, historiar som aldri har blitt fortalt, dumme idéar og alt anna som trengs for ein heilaften du kjem til å kjenne i lattermusklane dagen derpå.

Det blir musikk, det blir prat, det blir improvisasjon – og garantert nokre augeblink verken dei eller du såg kome.

Eller som Calle seier:

«点一盏灯,总比诅咒黑暗好»

Uttale: Diǎn yī zhǎn dēng, zǒng bǐ zǔzhòu hēi’àn hǎo.

Det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørkret.

Vel møtt!

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 10. desember kl. 19:00 og EKSTRAframsyning kl. 21:15.
Varigheit:
Billettpris:
kr 670,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.