Bushman's Revenge

Bilde av Even Hermansen, Gard Nilssen og Tor Egil Kreken som sit i ein sofa og ser kule ut.

Framsyningar

Henter programmet

Dørene opnar kl. 19:00, med konsert frå kl. 20:00.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

Den norske jazztrioen Bushman’s Revenge blandar energien frå rock med fridomen i jazzen på ein spennande og eksplosiv måte. Bandet vart danna i 2003, og har gjennom to tiår utforska ulike retningar og lydlandskap – noko som har resultert i eit heilt eige musikalsk uttrykk.

Ei blanding av Alice Coltrane, Wayne Shorter, Bill Frisell, Black Sabbath, Jimi Hendrix, Bob Hund, Ennio Morricone, Erik Satie, Ornette Coleman og Albert Ayler utgjer lydsporet til livet deira. Ein konsert med Bushman’s Revenge er som ein berg-og-dalbane av dynamikk, stemningar, rare grooves og organiske lydar – pakka inn i vill energi og rein speleglede.

Med 11 kritikarroste album og over 300 konsertar verda rundt har Bushman’s Revenge opparbeidd seg eit frykta godt rykte. Jazzwise skreiv at dei er «Insanely good! As if Jeff Beck was backed by Elvin Jones», medan David Fricke frå Rolling Stone omtala dei som «Like a Marshall amp version of John Coltrane’s “Interstellar Space”».

29. mai slapp bandet sitt 12. album, Ah, Les Vaches, på IsItJazz? Records, og dei gler seg til å presentere heilt nytt materiale!

Velkomen!

Even Hermansen – gitar
Gard Nilssen – trommer
Tor Egil Kreken – bass
Jørgen Brennhovd – lydteknikar

Every hard-rock record should be this explosive. Enthusiastically recommended, obviously". -Stereophile Magazine, US (record of the month)

"Sounds like Jeff Beck being backed by Elvin Jones". -Jazzwise, UK

"Bass and drums chase Hermansen's impulses as if Jitterbug was a Marshall-amp version of John Coltrane's Interstellar Space". -David Fricke, Rolling Stone Magazine, US

"An absolute blast guaranteed to blow away any lingering winter cobwebs". -Rock-a-Rolla magazine, UK

«Noen fortalte meg en gang at det finnes to typer hunks i verden: De som ønsker å være det, og de som bare er det. Og av en eller annen grunn har det alltid slått meg at musikken til Hermansen, Nergaard og Nilssen går under sistnevnte kategori…». -Morgenbladet

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 10. oktober. Dørene opnar kl. 19:00. Konsert frå kl. 20:00. Dørene stengjer kl. 22:30.
Billettprisar:
Ordinær: kr 349,-
Student: kr 299,- (studentevis må visast i døra)
Under 18 år: kr 299,- (NB! Må ha med edrueleg verge og fylle ut vergeskjema)
Ledsagar/følgjekort: kr 0,- (ledsagarbeviset/følgjekortet skal visast i døra).
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje med edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset.
Hentefristen er 7 dagar.