Markering av Verdsdagen for Psykisk Helse

Framsyningar
Henter programmet
Gratis, men hugs å ta ut billett ved å trykke på klokkeslettet over.
Sogndal Kommune, Åwesome Foredrag og Adil Khan inviterer alle ungdommar og vaksne til til ei varm og meiningsfull markering av Verdsdagen for psykisk helse i Storsalen, med foredrag med tematikk innan psykisk helse.
Kvelden byr på eit variert og inspirerande program med både fagleg innhald og sterke kulturelle opplevingar. Du får møte kommunen sitt psykiske helseteam, og oppleve lokale innslag, mellom anna utdrag frå danseframsyninga «Livets Rytme», der ungdom set fokus på psykisk helse gjennom rørsle og uttrykk.
Hovudinnslag: Adil Khan – «Motstand = Styrke»
Adil Khan er for mange kjend som vinnaren av den første sesongen av «So You Think You Can Dance» på TVNorge, dommar i «Norske Talenter» på TV 2 og programleiar for «Adils Hemmelige Dansere» på NRK. Han har stått på dei største teaterscenene i Noreg og har fått ei rekkje prisnominasjonar for roller innan TV, film og teater. Talentet og formidlingsevna hans har gjort han til ein kritikarrost profil i kulturbransjen. Det siste prosjektet hans på skjermen var «Adils Hemmelige Dansere» på NRK. Begge sesongane vart nominerte til Gullruten, og den siste sesongen enda opp i Gullrekka.
Foredraget «Motstand = Styrke» har blitt omtalt som vekkande, usminka, brutalt, samfunnskritisk og ærleg. Adil snakkar om korleis kvar enkelt av oss kan få kontakt med vårt eige sinn og den indre dialogen, som ofte kan arbeide imot oss. Dagens samfunn er prega av ein sterk forventnings- og prestasjonskultur, der det heile tida er eit stort jag etter suksess og stadfesting. Den imponerande CV-en til Adil har gitt eit sterkt inntrykk av denne suksessen, men den indre tomheita Adil har kjent på gjennom heile livet, er det han set ord på i dag.
Det er eit foredrag som skildrar ein oppvekst med mobbing, rasisme, utanforskap, truslar, vald, sosial angst og ekstreme forventningar frå både foreldre, skule og miljø.
Adil har ei fantastisk evne til å ufarleggjere tabubelagde tema og stigma knytte til psykisk helse, slik at menneske får eit språk for vanskelege tankar og kjensler.
Problemstillingar i foredraget:
- Korleis kan negative opplevingar i oppveksten føre til positiv styrke og sjølvtillit som vaksen?
- Kva påverknadskraft har media, influensarar, kjendisar og merkevarer på sjølvbiletet vårt?
- Korleis kan du som medmenneske hjelpe dei rundt deg som står utanfor sosiale og kulturelle fellesskap?
- Kva kan du som ung gjere med einsemd, ekskludering og depresjon?
Dørene opnar kl. 17.30, foredraget startar kl. 18.00 og er ferdig ca. kl. 20.30.
Gratis arrangement
Arrangementet er ope for alle, men du må hente ut gratisbillett på førehand.
Takk til vår sponsor: Luster Sparebank.
Stad: Storsalen, Sogndal kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 1. oktober kl. 18.00-20:30 (cirka). Dørene opnar kl. 17:30.
Aldersgrense: 15/16 år (fra 1 året på vgs)
Gratis, men hugs å ta ut billett ved å trykke på klokkeslettet øverst.