Riksteatret: Ubesvart anrop // Sogndal Kulturhus

Framsyningar
Henter programmet
av Nora Dåsnes. Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis.
Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.
Til ungdommen
Ein knapp månad etter terrorangrepa 22. juli skal Rebekka begynne på vidaregåande. Ho kjenner ingen av dei som døydde, og tenkjer at ho burde klare å ta kvardagen tilbake. Ho forsøker å engasjere seg i revyen, i Daniel med det krøllete håret, i festar og skule og vennar. Problemet er berre at ho tenkjer på det heile tida.
«Ubesvart anrop» handlar om å leite etter meining i møte med det meiningslause. Om kor vanskeleg det kan vere å nå ut til kvarandre, og kor viktig det er når vi får det til. Stykket er også ei historie om vennskap som held, og om at det finst vegar tilbake!
Når Riksteatret dramatiserer Nora Dåsnes’ prisløna teikneserieroman 15 år etter 22. juli, er målet å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå eiga uro i møte med ei uroleg verd.
Med Hannah Adolfsen Fjeldbraaten, Amina Mohamud, Jawad Aziz, Arjan Nilsen og Christina Sleipnes.
Sagt om boka:
«Full av håp (...) en bragd»
VG (6)
«En bok som engasjerer, berører og får leseren til å reflektere rundt både kollektive, politiske samfunnsspørsmål og individuelle, eksistensielle spørsmål»
Vinnar av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris
«Ubesvart anrop» vert spelt både på dagtid. Ungdommar kan oppleve framsyninga gratis gjennom Riksteatrets billettfond. Er du lærar i 10. trinn og vgs, kan du søke om billettar her: https://forms.gle/wfougJTVUwDdvmMt7
Av Nora Dåsnes. Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis. Regissør Toril Solvang-Kayiambakis. Scenograf og kostymedesignar Marcus Olson. Lysdesignar og videodesignar Oscar Frostad Udbye. Komponist, lyddesignar og musikalsk ansvarleg Ida Flåten Kampenhaug. Dramaturg Liv Gulbrandsen. Produsent Bastian Stabell. Produsert av Riksteatret.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Tysdag 29. september kl. 12:00-13:30.
Varigheit: 1 time og 30 minutt (ingen pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 180,- (Born, student, vaksen, honnør)
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (Bevis skal visast i døra. Hugs at den som eig følgjekortet skal betale ordinær billett).
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt. Ta gjerne kontakt om du brukar rullestol.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)