Julekonsert med Trio no Treble

Bilde for Julekonsert med Trio ne Treble

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.
Dørene opnar kl. 18:00, konsert frå kl. 19:00.

Trio no Treble er ein utradisjonell trio med bratsj, cello og kontrabass. Repertoaret spenner frå kjende og kjære julesongar til meir overraskande musikalske innslag, alt framført med Trio no Trebles karakteristiske energi og leikne tilnærming. Kom og opplev vakre, mørke tonar – trioen garanterer julestemning.

Trioen er kjent for si leikne tilnærming til klassisk musikk, folkemusikk og spreke tolkingar av ny popmusikk.

Trioen har spelt konsertar i Noreg og internasjonalt, blant anna i Hong Kong, på festivalar, kulturhus og mindre scener. Dei har og spelt julekonsertar med Elisabeth «Bettan» Andreassen og delteke i ulike prosjekt på tvers av sjangre.

Konserten er støtta av Kulturrådet.


Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Tysdag 1. desember. Dørene opnar kl. 18:00 med konsert frå kl. 19:00. Dørene stenger kl. 22:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 299,-
Student (VGS og oppover): kr 249,-
Under 18 år (NB! Må ha med edrueleg verge): kr 249,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (ledsagarbevis/følgjekortet skal visast i døra).

Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.