Rasmus Lagerberg Trio x 2

Framsyningar
Henter programmet
Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.
Dørene opnar kl. 18:00, konsert frå kl. 19:00.
RASMUS LAGERBERG vibrafon
OLA HØYER bass
ØYVIND SKARBØ trommer
APRIL JANG fiolin
JULIA PALMER bratsj
CARMEN BÓVEDA cello
Med komposisjonar inspirert av Keith Jarrett, Wayne Shorter og Joel Ross, skriv Rasmus Lagerberg melodisk, intrikat og dynamisk musikk, der harmonisk og rytmisk rørsle har hovudprioritet. I skiljet mellom komponert og improvisert musikk – der tradisjonell jazztrio møter strykeensemble – skjer det spanande ting. Vakker og virtuos jazz med plateslepp i 2026.
Rasmus Lagerberg er ein norsk jazzvibrafonist med bakgrunn frå Griegakademiet og musikkonservatoriet i Amsterdam og platedebuterte i 2025 Han er inspirert av 60talets post-bop og samtidas akustiske jazzscener, både i Sambandsstatane og Noreg.
Ola Høyer er utdanna på jazzlinja i Trondheim, og er mellom Noregs mest etterspurde bassistar. Han har turnert Europa på kryss og på tvers med ei rekkje ulike band og ensemble – mellom anna Anja Lauvdal, Telehiv, Hedvig Mollestad og ikkje minst Cortex.
Øyvind Skarbø har vore ein premissleverandør i vestlandsk musikkliv ei god stund, like heime i sær impro som i groovy James Brown. Ein million jarn i elden: Skarbø Skulekorps, Crab is Crap, Bly de Blyant, BMX, 1982 og Håkon Kornstad, for å nemna nokre…
Soohyun April Jang – opphavleg frå Sør-Korea – er ein meisterleg fiolinist, like komfortabel i jazz, klassisk og improvisert musikk. Bakgrunn frå mellom anna Sori Trio, Cort Piil og Šlobboten.
Griegakademiets britiske bratsjist Julia Palmer hoppar elegant mellom klassisk og jazz, i Bergen har ho mellom anna utforska musikken til Agathe Backer Grøndahl og opptredd med Bergen Unge Kammerorkester, Bergen National Opera Academy, Bergen Kammerorkester, and Ungdomssymfonikerne.
Carmen Bóveda – spansk mastercellist med utdanning frå Griegakademiet i Bergen. Grenseoverskridande mellom klassisk musikk og pop på Bergensscena – like heime med Dvořák som med Doddo.
Konserten er ein del av Den Musikalske Stamvegen.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 14. november. Dørene opnar kl. 18:00 med konsert frå kl. 19:00. Dørene stenger kl. 22:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 299,-
Student (VGS og oppover): kr 249,-
Under 18 år (NB! Må ha med edrueleg verge): kr 249,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (ledsagarbevis/følgjekortet skal visast i døra).
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.