Trond-Viggo og Else - Resten av livet

Framsyningar
Henter programmet
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Endelig på same scene: Trond-Viggo Torgersen og Else Kåss Furuseth inviterer til ei underhaldande, musikalsk og kanskje også lærerik aften - ingrediensane er standup, tøys, prat og song som til saman gir ein fullstappa buljongterning det antageleg går an å bli klokare av: Uansett kor gamle me er må vi forhalde oss til resten av livet. Med den kroppen me har. Og det hovudet vi har. Korleis få til eit so godt liv som mogleg, so lenge som mogleg? Korleis glede oss over livet slik det har blitt, og lære oss å setje pris på moglegheitane vi har? Kan gode livsopplevingar aukast med nyfikenheit og innsikt? Me lovar ein munter aften, ramma inn av nokre av Trond-Viggos mest kjende songar!
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 9. oktober kl. 19:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 565,-
Ledagarbevis/følgjerkort: kr 0,- (ledsagarbevis/følgjekort SKAL visast i døra.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).