"Something Wicked This Way Comes" Dungeon & Dragons m/ Andreas

Bilde for "Something Wicked This Way Comes" Dungeon & Dragons m/ Andreas

Framsyningar

Henter programmet

Kom og lær/spel Dungeons & Dragons 5E. Nybyrjarar og erfarne er velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.

NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!

Bli med på eit spennande Dungeons & Dragons-eventyr! Andreas inviterer til klassisk rollespel der nye heltar må møte ei gamal og farleg ondskap.

Dette passar både for deg som har spela før, og for deg som vil prøve D&D for første gong. Det blir dramatikk, samarbeid og episke val – alt som høyrer med i eit godt fantasy-eventyr.

Tør du møte det som lurer i mørkret?

DU BLIR 1 AV 4 SPELARAR som Andreas leiar gjennom eventyret.

Kva er rollespel / Dungeons & Dragons?
I eit rollespel er det ein person som leiar spelet. Denne personen kallar vi Dungeon Master / DM I Dungeon & Dragons. Dei andre inntek rolla som ein karakter. Karakterane har ulike ferdigheiter/ eigenskapar, både styrkar og svakheiter. Desse er noterte på eit karakterark. DM fortel ei historie og spelarane tek del i forteljinga ved å velje korleis deira karakter reagerer på det som skjer. Medan nokre spelarar tek rolla fullt ut og snakkar på vegne av karakteren som improvisert teater, vil andre heller forklare kva deira karakter tenkjer og gjer. Alt er lov. Det er ingen feil måte å spele på, det er berre fantasien som set grenser. Saman skapar spelarane og speleleiar/DM ei spennande historie.

Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 12:00 - 14:30ish.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!