"Hitster" musikkspel m/ Maria - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Kom og lær/spel Hitster med Maria. Nybyrjarar og erfarne spelarar er velkomne! Du treng ikkje billett, berre møt opp og bli med!
Har du lyst på god stemning, nostalgi og litt venskapleg konkurranse? Bli med Maria og spel “Hitster” – det populære musikk-kortspelet som skapar fest på få sekund.
Lytt til låtar frå over 100 år med musikkhistorie, og prøv å plassere dei i rett kronologisk rekkefølgje på di eiga tidslinje. Første spelar til å samle 10 riktige låtar, vinn.
Her blir det latter, song, kanskje litt irritasjon – og garantert mange «Åååh, den ja!»-augeblikk.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 14:00-15:45 eller 19:00-19:45.
Søndag 1. mars kl. 10:00-12:00.
Gratis, berre møt opp og bli med!