"La oss gå live: et kræsjkurs i streaming" foredrag m/ Ina Luna - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
NB! Du treng ikkje billett. Berre møt opp.
Frå streaming til synlegheit: Korleis byggje community og stå støtt i spelverda?
Ina Luna Gundersen er innhaldsskapar, influensar og streamer – og ei tydeleg stemme i det norske gamingmiljøet. Til over 100 000 følgjarar på TikTok og Instagram deler ho engasjerande, kreativt og personleg innhald om gaming, DIY og reising. Ho er òg ein del av Noregs største gamingpodkast, Nerdelandslaget, og har gjennom fleire år markert seg som ein forkjempar for ei meir inkluderande spelverd.
På SognaCon 2026 held Ina eit foredrag der ho tek publikum med bak kulissane – både teknisk og personleg.
Korleis kjem du i gang med streaming?
Kva utstyr treng du eigentleg?
Korleis byggjer du eit trygt og engasjert community?
Og korleis handterer du hets og negativitet når det dukkar opp i chatten?
Ina deler konkrete tips om alt frå oppstart og teknikk til det å finne si eiga stemme på nett. Samstundes snakkar ho ope om korleis det er å vere kvinne i ein spelkultur som ikkje alltid opplevast inkluderande. Kva møter ein i voice chat? Kvifor kan det vere vanskelegare å «ta plass» enn å spele sjølve spelet? Og korleis kan ein stå støtt – og likevel vere seg sjølv?
Dette er eit foredrag for deg som:
– vil starte med streaming
– er nysgjerrig på gaming og innhaldsskaping
– ønskjer å forstå meir om inkludering i spel
– eller berre treng eit lite dytt for å tørre å ta plass
Ina kombinerer erfaring, humor og ærlegdom – og inviterer publikum til å sjå gaming som det ho meiner det bør vere: ein kreativ, sosial og inkluderande arena for alle.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: søndag 1. mars, kl. 12:00-12:45.
Gratis, berre møt opp.