"Star Wars: Outer Rim" brettspel m/ Theodor - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Kom og lær/spel Outer Rim med Theodor. Nybyrjarar og erfarne spelarar er velkomne! Gratis, men hugs å ta ut billett!
Billettslepp for dei under eller over 18 år: laurdag 14. februar kl. 12:00.
I brettspelet Star Wars: Outer Rim tek du til stjernene og prøver å bli ei levande legende. Dette er eit spel med dusørjegarar, leigesoldatar og smuglarar.
Du tek rolla som ein av underverda sine innbyggjarar og prøver å setje ditt preg på galaksen. Du reiser rundt i ditt eige romskip, rekrutterer legendariske Star Wars-karakterar til mannskapet ditt, og prøver å bli den mest kjende – eller mest berykta – lovlause i galaksen.
Men dette blir inga enkel oppgåve. Dei stridande fraksjonane i galaksen patruljerer området i eit forsøk på å få tak i avskummet som har vore ei plage i lang tid. Samstundes vil andre lovlause jakte på deg for å styrkje sitt eige rykte.
Har du det som trengst for å overleve Outer Rim – og bli ei levande legende?
Du blir 1 av 4 spelarar som Theodor lærer opp/assisterar.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. februar kl. 14:00-15:45.
Gratis, men hugs å ta ut billett!