AVLYST "Gaming er for alle!" foredrag m/ Elisabeth "Arevya" Sivertsen

Framsyningar
Henter programmet
AVLYST grunna sjukdom. Beklagar bryet og god betring til Arevya.
Korleis kan små val i spelutvikling gjere ei stor forskjell for kven som faktisk kan vere med og spele?
I foredraget «Gaming er for alle!» tek Elisabeth «Arevya» Sivertsen publikum med på ei engasjerande reise gjennom spelhistoria – frå dei aller første dataspela på 1950-talet til moderne spelopplevingar som Clair Obscur: Expedition 33. Undervegs viser ho korleis design, teknologi og haldningar påverkar kven spel er tilgjengelege for.
Foredraget gir konkrete og tankevekkande døme på universell utforming i spel. Du får mellom anna høyre om korleis fargeval kan gjere ikoniske spel som God of War meir tilgjengelege for blinde spelarar, og korleis ein kan spele Fortnite også med nedsatt høyrsel eller som døv. Dette handlar ikkje berre om teknikk, men om inkludering, fellesskap og moglegheita til å delta på like vilkår.
Dette er eit foredrag som passar for deg som er glad i spel, nysgjerrig på teknologi, eller ønskjer å forstå korleis gaming kan vere ei sosial og inkluderande oppleving for fleire. Det eignar seg like godt for unge spelarar som for vaksne, foreldre, lærarar og andre som vil lære meir om kvifor universell utforming er viktig i spelverda.
Gaming er – og bør vere – for alle.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 1. mars kl. 10:00-10:45.
Gratis, berre møt opp!