Kurs: Bridge kræsjkurs m/ Luster- og Sogndal Bridgeklubb - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Har du lyst å prøve eit kortspel som kombinerer samarbeid, strategi og skikkeleg hjernetrim? For alderen 12 år og oppover. Vaksne er også velkomne!
NB! Det er begrensa plassar, so hugs å ta ut gratis billett snarast mogleg.
Under SognaCon 2026 inviterer Sogndal Bridgeklubb og Luster Bridgeklubb til eit sosialt og lettbeint kræsjkurs i bridge – perfekt for nybyrjarar!
Bridge er eit av verdas mest populære kortspel, der ein spelar på lag to og to. Spelet handlar om kommunikasjon, logikk og smarte løysingar – og mange blir overraska over kor gøy det er når ein først kjem i gang.
Kurset varer i 2 timar, passar for alle frå 12 år og oppover, og vaksne er sjølvsagt like velkomne. Her treng du ingen forkunnskapar – berre lyst til å lære noko nytt og spele saman med andre.
Bridgeklubbane i Sogndal og Luster har lang erfaring med å skape gode, inkluderande spelemiljø, og gler seg til å vise fram spelet til nye spelarar under SognaCon.
Velkomen til kortspel, latter og nye utfordringar!
Stad: Klasserom3 i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 12:00-14:00.
Søndag 1. mars kl 12:00-14:00.
Gratis, men hugs å ta ut gratisbillett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billett.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no