"Evil:101" kortspel m/ Konstantin - SognaCon 2026

Bilde av Konstantin og kortspelet Evil:101

Framsyningar

Henter programmet

Kom og lær/spel Evil:101! Nybyrjarar og erfarne er velkomne!
GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den.

Konstantin er klare til å ta imot nybyrjarar og erfarne spelarar til ein omgang med kortspelet “Evil:101”

Om spelet:
Den onde Overlorden planlegg å trekkje seg tilbake til ein triveleg vulkansk tilhaldsstad, og Storbyen ligg framfor deg – moden for å bli overteken!

Som ein lovande ny skurk veit du det grunnleggjande:
• Finn eit mål
• Set i gang ein plan
• Unngå DIC’ane

Spelar du korta dine rett, kan du bli den neste store Overlorden på null komma niks!

Bli med på ein rask og morosam tur gjennom dette spion-parodiske spelet, der lov og orden berre er eit forslag, og det å vere ond er eit yrke!

Samle ein gjeng med dine verste venner, og jag kvarandre heilt til toppen av ondskapen med løgn, bløffing og generelt ganske dårleg oppførsel!

DU BLIR EIN AV 5 SPELARAR som Konstantin lærer/spelar med.

Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar: Velg mellom kl. 14:00-15:00 eller 17:00-18:00.
Søndag 1. mars: Velg mellom kl. 12:00 - 13:00 eller kl. 14:00-15:00.

Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!