"King of Tokyo" brettspel m/ Georg - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Du treng ikkje billett, berre møt opp!
Bli med på monsterkaos! Georg Hageberg inviterer til speling av det prisvinnande brettspelet King of Tokyo – eit actionfylt og lettlært spel der gigantiske monster slåst om å bli kongen av byen.
Her trillar du terningar, kjøper oppgraderingar, samlar poeng og prøver å slå ut dei andre spelarane. Målet er enkelt: få 20 seierpoeng – eller vere det siste monsteret som står att!
Spelet passar perfekt både for nybyrjarar og erfarne brettspelarar.
Du blir ein av 5 spelarar med Georg, og ein runde varar cirka 45 minutt.
Velkomen til Tokyo – berre eitt monster kan vinne!
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 13:00-14:00.
Søndag 1. mars kl. 13:00-14:00.
Gratis, berre møt opp!