"Mørketid - Kvestmark" - live action rollespelshow med Vertshuset - SognaCon 2026

Bilde av Michael, Nicolai og Simen samt ein viking-illustrasjon frå spelet Mørketid.

Framsyningar

Henter programmet

NB! Du treng ikkje billett, berre møt opp!
Ver obs på at spelet/innhaldet kan bli brutalt og blodig.

Bli med inn i ei mørk og stemningsfull rollespeloppleving når Vertshuset tek med seg “Mørketid – Kvestmark” til scena under SognaCon 2026!

Mørketid er eit OSR-inspirert rollespel frå Spillforlaget, inspirert av vikingtid og ei rå svartmetall-estetikk – der det vakre og det brutale går hand i hand. Her ventar ei verd full av farar, val og konsekvensar, og der heltar ikkje alltid er heilt heltar.

På scena møter du Michael, som har skapt Mørketid, saman med Nicolai og Simen – som spelar live framfor publikum. Og det beste av alt: Det er stor sjanse for at publikum òg får vere med og påverke kva som skjer i historia!

Dette blir levande rollespel, spenning, humor, drama og uventa vendingar – akkurat slik det skal vere på eit ekte vertshus.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 1. mars kl. 13:00-14:45.