"Teikn, fortel, publiser: Livet som teikneserieskapar" foredrag m/ Udugelege Heltar - SognaCon 2026

Bilde av Markus og Lars, samt ei forside av Udugelege heltar.

Framsyningar

Henter programmet

NB! Du treng ikkje billett, berre møt opp!

Korleis lage ein teikneserie som får folk til både å le OG heie på dei mest håplause heltane som finst?

På SC26 kjem Markus Maarnes-Gjærde (tidlegare Markus Pedersen) og Lars Erik Helgemo, duoen bak den populære teikneserietrilogien Udugelege heltar. Her får du møte skaparane av serien om Chrissa, Calvin og Kacker, og høyre om korleis ein går frå dei første skissene til ferdige bøker.

Dette er eit foredrag for deg som er glad i teikneseriar, liker å teikne sjølv – eller berre vil høyre korleis det eigentleg er å jobbe som teikneserieskapar i Noreg. Foredraget er like relevant for unge kreative som for nysgjerrige vaksne.

Du kan også møte karane på stand, saman med Überpress, under SC26.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. februar kl. 14:00-14:45.