"Spelbransjen frå innsida" foredrag m/ Funcom - SognaCon 2026

Ei rekke bilete frå ulike dataspel som Funcom har laga.

Framsyningar

Henter programmet

NB! Du treng ikkje billett, berre møt opp!
Delar av foredraget vert halde på engelsk.

Funcom er det mest kjende norske spelselskapet, og står bak internasjonalt kjende spel som Conan Exiles, Anarchy Online og i det siste: Dune: Awakening. Funcom har i mange år vore ein viktig aktør i spelbransjen, både i Noreg og globalt. No kjem dei til SognaCon for å dele innsikt frå innsida av eit profesjonelt spelstudio – og fortelje om kva som skal til for å skape spel som når ut til eit stort publikum.

I foredraget får du høyre om korleis det er å jobbe med spelutvikling, korleis Funcom jobbar i kvardagen, og kva som er viktig når ein skal bygge verdener, lage nivå og designe gode speleopplevingar. Dette blir ei inspirerande økt for både deg som berre elskar spel – og for deg som drøymer om å jobbe med spel i framtida.

Etter foredraget blir det òg ei lita Q&A, der publikum kan stille spørsmål.

Foredraget passar for både ungdom, vaksne, gamarar, kreative sjeler – og alle som er nyfikne på spel og teknologi.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. februar kl. 15:00-15:45.
Gratis, berre møt opp!