"Chameleon" brettspel m/ Eivor og Anna - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
NB! Du treng ikkje billett. Berre møt opp!
Bli med på Chameleon – eit prisvinnande bløff- og deduksjonsspel der du må tenkje raskt, snakke smart og passe deg for å avsløre for mykje.
I Chameleon er det éin i gruppa som er kameleonen – og det er berre kameleonen sjølv som veit det. Alle andre får eit hemmeleg ord, og må gi hint utan å røpe ordet for tydeleg. Kameleonen må late som hen veit kva dei snakkar om, og prøve å blende inn – samtidig som hen forsøker å gjette seg fram til det hemmelege ordet.
Spelet er lett å lære, passar for dei fleste, og gir masse latter, mistenksame blikk og overraskande avsløringar.
Ingen påmelding – berre møt opp når det passar.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 14:00-17:00. Kom forbi når det passar!