"Værhårskogen" rollespel for yngre m/ Stig Magne - SognaCon 2026

Bilete av Stig Magne og ei kanin, ekorn og piggsvin.

Framsyningar

Henter programmet

Eit rollespel for unge i alderen 6-13 år.
Foreldre skal IKKJE ha billett, men kan vere med i bakgrunnen om dei ynskjer/sitte ved bordet.

NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!
Billettslepp laurdag 31. januar kl. 12:00.

Værhårskogen er eit rollespel utvikla av Stig Magne Evju Brekken for barn i alderen 6–13 år, der leik og felles forteljing blir brukt for å styrkje samarbeid, sosial kompetanse og kjensleforståing.

Spelet er lett å kome i gang med, og lagt til rette for trygg deltaking for både barn og vaksne.

Gjennom fantasifulle scenario og figurar utforskar spelarane tema som vennskap, utanforskap, mot, sinne og omsorg, gjennom rollane i spelet. Dette gjer Værhårskogen godt eigna både som con-aktivitet og som ei varsam inngang til samtale og refleksjon.

Spelet har fått særs gode tilbakemeldingar.

Du blir 1 av 3 som spelar med Stig Magne, og foreldre kan vere med i bakgrunnen/sitte attmed om ynskjeleg, men skal ikkje ha billett.

Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 13:00-14:00ish eller 15:00-16:00ish.
Søndag 1. mars kl. 11:00-12:00ish.
NB! Det er det same eventyret som blir spelt desse tre ulike gongane, så det er nok at du er med på ein av spelingane.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!