"Frå idé til manga: Reisa bak Mørkalven" - foredrag med Helen Kaldheim - SognaCon 2026

Bilete av Helen Kaldheim sant ei side frå manga-teikneserien.

Framsyningar

Henter programmet

NB! Du treng ikkje billett. Berre møt opp.

Helen Kaldheim kjem til SognaCon med eit inspirerande foredrag om reisa si inn i det norske teikneseriemiljøet – og om korleis det var å gi ut Noregs aller første manga: Mørkalven.

I foredraget deler ho både oppturar og utfordringar frå vegen frå idé til ferdig utgjeving, og fortel om alt frå skaparglede og arbeidsprosess til motstand, læring og det å finne plassen sin i ein bransje som framleis er i utvikling her i landet.

No vil Helen òg vere med og løfte fram nye stemmer: Ho kjem med konkrete tips, gode råd og motivasjon til deg som drøymer om å teikne, skrive eller gi ut di eiga manga eller teikneserie.

Dette er eit foredrag for deg som elskar manga, for deg som vil skape noko sjølv – og for deg som berre vil høyre ei skikkeleg kul historie om korleis ein kan få draumen ut i verda.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: søndag 1. mars, kl. 11:00-11:45.
Gratis, berre møt opp.

Bilete av Helen Kaldheim med Mørkalven nummer 1 i hendene.