"Ragnarök - Seeds of Hope" rollespel m/ Morten B. Magnus - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Aldersgrense 16 år!
NB! Begrensa plassar.
Er du klar for ei rollespeloppleving som er mørkare, råare og meir intens?
Morten Bergli Magnus stiller på SognaCon med Ragnarök – ei nyskriven og heilt unik rollespeloppleving, laga spesielt for deg som likar dramatikk, nerve og sterke val. Her får du ikkje berre spele ein karakter – du blir kasta inn i ei historie der stemning, konflikt og konsekvensar står i sentrum.
“Since the dawn of time the bravest warriors has fought and died. Have gone to fight, to die, to rise again, every day, to feast in the halls of Valhalla! Fimbulwinter came, and the world unraveled thread by thread. Chaos, plagues and war, no place safe. A time of horror and immorality, chaos and destruction.”
Dette er rollespel med høg puls og stor innleving, og passar best for deg som vil ha ei meir vaksen og spennande oppleving på conet.
Aldersgrense: 16 år
Du vert 1 av 4 spelarar som deltek saman med Morten.
Morten er ein erfaren og aktiv speleleiar, og ein ambassadør for rollespel og cosplay. Han deltek fast på Regncon og Arcon og har GM-erfaring frå Hexcon og Midagardcon. Han stiller i cosplay og lovar ei unik og spennande speloppleving.
Stad: Galleriet, 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tider:
Laurdag 28 februar kl. 12:15-16:30 eller kl. 17:00-21:00.
Søndag 1. mars kl. 11:00-16:00.
Det er det same eventyret/den same modulen som blir spelt begge gongene, så det er kun mogleg å melde seg på den eine spelinga.