"Ashborn" rollespel m/ Karl Otto Kristoffersen - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Bli med på ei ekslusiv speltesting med rollespelskapar og forfattar Karl Otto Kristoffersen kjend for blandt anna rollespela Kvad og Sølvhjerte.
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
16 års aldersgrense!
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!
Billettslepp laurdag 31. januar kl. 12:00.
Du har sjansen til å teste "Ashborn", eit heilt nytt mørkt fantasy-rollespel som er under utvikling og planlagt utgitt om ca. eitt år. Dette er ein tidleg spilltest, der du får prøve spelet før “alle andre” – og samtidig vere med å påverke utviklinga med innspel og erfaringar frå bordet.
Ashborn handlar om skapningar laga for krig, som prøver å finne sin plass i ei fredeleg verd. Du spelar for å vise menneskelegheit, hjelpe andre og halde raseriet under kontroll. Mistar du kontrollen, kan du øydeleggje alt du har bygd opp.
Dette passar best for vaksne spelarar med litt rollespelerfaring (ikkje heilt ferske). Du blir ein av 4 spelarar som Karl Otto leiar spelet for.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 1. mars kl. 10:00 - 13:00.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!