Kurs: Manga-teikning m/ Helen Kaldheim - SognaCon 2026

Bilde av Helen Kaldheim som sit og teiknar

Framsyningar

Henter programmet

Aldersgrense 12 - 18 år - billettslepp laurdag 31. januar kl. 12:00.
Dei over 18 år kan kjøpe billettar frå 14. februar kl. 12:00.

NB! Kun 20 plassar per kurs.

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Helen Kaldheim, skaparen av Noregs første mangaserie Mørkalven, kjem til SognaCon for å halde manga-teiknekurs for nye og nysgjerrige serieskaparar. Dette er ein praktisk og inspirerande workshop for deg som elskar manga, teikning og visuell historieforteljing – enten du er nybyrjar eller har teikna ei stund.

På kurset får du lære grunnleggande mangateikning i Helen sin stil, samstundes som ho ser på korleis du teiknar og gir personleg rettleiing. Det blir også snakka om idéutvikling, forteljing og korleis ein faktisk kan lage og gi ut manga i Noreg.

Kurset inneheld både teikneoppgåver, samtale om manga og teikneserieyrket, og nyttige tips for deg som drøymer om å skape noko eige.

Du får alt av teiknesaker du treng på kurset, men du kan sjølvsagt ta med eige utstyr, både vanleg analogt og/eller digitalt.

Stad: Kunstgalleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 12:00-13:45.
Søndag 1. mars kl 12:00-35:45.

Billettpris: kr 50,- for å dekke materialkostnader.

Trykk på klokkeslettet øvst for å kjøpe billett.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no