Kurs: Animasjon 101 kræsjkurs m/ Johanne og Nicole - SognaCon 2026

Bilde av Johanne og Nicole

Framsyningar

Henter programmet

Aldersgrense 12 - 18 år - billettslepp laurdag 31. januar kl. 12:00.
Dei over 18 år kan kjøpe billettar frå 14. februar kl. 12:00.
NB! Kun 20 plassar per kurs.

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Animer kva du vil!

Johanne Ølberg og Nicole Underwood er avgangsstudentar ved Høgskulen i Volda, der dei har studert animasjon dei siste tre åra. No arbeider dei med bachelorfilmane sine, og kjem til SognaCon for å gi eit kræsjkurs i korleis du kan animere dine eigne prosjekt.

I kurset gir Nicole og Johanne ei innføring i dei grunnleggande prinsippa i animasjon – byggesteinane som ligg til grunn for all animasjon, uavhengig av teknikk og stil. Deltakarane får høve til å lage eigne små prosjekt med klassisk 2D papir-animasjon, slik animasjon vart laga i sine tidlegaste dagar. Du får alt du treng på kurset.

I tillegg riggar dei til eit skikkeleg animasjons-studio for deltakerene. Me har vore heldige å få lånt 10 bærbare lysbord frå Møre folkehøgskule som deltakarane skal få teste..

Det er òg mogleg å ta med eigen iPad eller trådlaust teiknebrett for dei som ønskjer å animere digitalt. Målet med kurset er å vise kor lett det er å kome i gang med eigne animasjonsprosjekt – det er berre fantasien som set grenser.

Stad: Kunstgalleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 16:00-17:45.
Søndag 1. mars kl 14:00-15:45.

Billettpris: kr 25,- for å dekke materialkostnader.

Trykk på klokkeslettet øvst for å kjøpe billett.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no