"Å skape, finansiere og nå ut" - foredrag med Karl Otto Kristoffersen - SognaCon 2026

Bilde av Karl Otto Kristoffersen og nokre fakta frå 2025-salgsresultat

Framsyningar

Henter programmet

NB! Du treng ikkje billett. Berre møt opp.

Korleis går ein frå å lage indie-rollespel til å nå eit internasjonalt publikum – og faktisk tene pengar på det?

Karl Otto Kristoffersen er forfattar, speldesignar og mannen bak KR1 Publishing. No deler han erfaringane bak sin suksess med Kvad (Game Forlag), Sølvhjerte og West Marches Campaign Playstyle Guidebook.

I dette foredraget tek Karl Otto publikum med bak kulissane i arbeidet med crowdfunding, marknadsføring, influensarar og det å byggje ein berekraftig skapande verksemd. Med over 200 % finansiering på Backerkit, internasjonale utgjevingar og sterk vekst i 2025, viser han korleis kreative prosjekt kan skalerast – uansett om du jobbar med rollespel, reklame, innhaldsskaping eller gründeridéar.

Eit foredrag for deg som elskar å skape, vil nå ut med prosjekta dine – eller berre er nysgjerrig på korleis lidenskap kan bli leveveg.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: laurdag 28. februar, kl. 12:00-12:45.
Gratis, berre møt opp.

Ein illustrasjon som viser ulike "bragder" KR1 publishing har klart i 2025.