Carmina Burana - Sogn Musikkdagar 2026

Framsyningar
Henter programmet
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Carl Orff sitt storverk Carmina Burana hadde premiere i 1937, og har vore ein favoritt og inngangsport til klassisk musikk for eit stort publikum i alle åra sidan. Verket er ein sekulær kantate, eit verk for stort kor, barnekor, solistar og orkester.
Orff lånte Carmina Burana-tittelen frå ei handskrive samling songtekstar frå middelalderen. Dei fleste av diktarane er ukjende, mange var truleg såkalla goliardar, ei livsglad gruppe omstreifande teologistudentar og provokatørar. Samlinga inneheld drikkeviser, kjærleikssongar, erotikk og harselas med religiøst hykleri.
Carmina Burana er Orff sitt mest populære verk, og mange kjenner den ikoniske åpningssatsen O Fortuna. Orff sin særeigne musikkstil kombinerer inspirasjon fra Igor Stravinskij, rytmar frå folkmusikk og gregoriansk song. Dette er eit fargesprakende mesterverk med en voldsom musikalsk og stemningsmessig spennvidde.
Førde kammerkor og Sogndal songlag tel om lag 70 songarar. I tillegg får vi høyre barnekor. Solistane er Ann-Margritt Silfverhielm, distriktsmusikar i Gloppen, Daniel Sæther, kontratenor, med solistoppdrag i inn- og utland, og baroyton Vegard Arnesen Bakke, freelance klassisk songar og songpedagog, for tida busett i Aurland. Dirigent er distriktsmusikar og songar Bjørn Gisle Seter som held til i Sogndal.
Kammermusikk
Distriktsmusikarane i Vestland og andre festivalmusikarar vil gi ei avdeling med kammermusikk. Elever i kulturskulen, innslag som Poulenc, West Side Story, Berns
Arrangør
Sogn musikkdagar, Sogndal sin eigen kammermusikkfestival. Festivalen vert arrangert for femte gong, og er eit samarbeid mellom Distriktsmusikarane i Vestland fylkeskommune, Sogn kulturskule og frivillig musikkliv. Festivalen har som målsetjing å tilby konsertar av høg kvalitet for folk i alle aldrar.
Medverkande:
Sogndal songlag
Førde kammerkor
Elevar i kulturskulen
Festivalorkester
Solistar:
Ann-Margritt Silfverhielm, sopran
Daniel Sæther, tenor
Vegard Arnesen Bakke, baryton
Dirigent:
Bjørn Gisle Seter
Kammermusikk
Festivalmusikarar
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 18. april kl. 18:00.
Varigheit: cirka 2 timar.
Billettprisar:
Ordinær: kr 480,-
Student: kr 250,-
Elevar i kulturskulen: gratis.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.