"Dead by lead" miniatyrspeling med Stefan - SognaCon 2026

Bilete av Stefan og eit miniatyrspel med cowboyar

Framsyningar

Henter programmet

Kom og spel miniatyrspel med Stefan. Han ynskjer nybyrjarar og erfarne spelarar velkomne! Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.

NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!

Bli med på Dead by Lead – eit raskt, actionfylt miniatyrslagspel sett til det lovlause ville vesten. Her blir du kasta rett inn i støvete bygater, intense revolverduellar og bandekrig i frontier-byen Bloodstone, der eitt einaste skot kan snu alt.

Spelet har enkle og intuitive reglar, og Stefan forklarer alt undervegs. Kvart spel startar med ei kort innføring og ei demonstrasjonsrunde, så ingen forkunnskap om miniatyrspel er nødvendig. Stefan stiller med ferdig oppsett brett og nymåla figurar – du treng berre lysta til å spele.

Det blir spelt tre spel i løpet av dagen:

  • Dei to første er konkurrerande scenario der bandane jagar eigne mål.
  • Det siste spelet samlar bandane mot ei felles, ny trussel.

Kvart spel er for 3 spelarar, og alle deltakarar får med seg ein Wild West-miniatyr som kan målast heime eller på SognaCon – perfekt for deg som vil utforske hobbyen vidare.

NB! Stefan er britisk og held spelet på engelsk, men forstår norsk som ein innfødd.

Meld deg på og sjå om gjengen din blir legendariske revolvermenn – eller endar i ei grunn grav.

Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. feb.
Velg mellom kl. 12:00-13:30, kl. 14:00-15:30, kl. 16:00-18:00.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til stefancarter95@gmail.com slik at nokon andre kan få billetten din!