"Kriserådet" live showspeling m/ Rollespillpodden - SognaCon 2026

Bilde for Live showspeling m/ Rollespillpodden

Framsyningar

Henter programmet

NB! Du treng ikkje billett, berre møt opp!

Om Rollespillpodden:
Rollespillpodden er ein norsk «actual play»-podcast, der dei spelar improvisert rollespel og publiserer spelinga som episodar. Podcasten starta i 2020 med eventyret No Place Like Nome, og sidan har dei gitt ut episodar annakvar veke. Dei spelar i ei rekkje ulike rollespelsystem – mellom anna Dungeons & Dragons, Pathfinder, Call of Cthulhu og andre – med hovudvekt på fantasy og horror.

Rollespillpodden har spelt live på ei rekkje cons rundt om i landet, og live-showa deira byr på spenning, improvisasjon og mykje latter – både for erfarne rollespelarar og for deg som er nysgjerrig på rollespel for første gong.

Sjekk Rollespillpodden si nettside og høyr på episodane deira her.

Om showet:
«De er kalla inn til kriseråd av statsministerens kontor som representantar for Noregs mange departement, etter at ein epidemi har kome heilt ut av kontroll.
Mange som skulle ha møtt i kriserådet er fråverande, og vikarar har måtta erstatte både statsråder og departementssjefar.
Første punkt på agendaen: Kor er statsministeren?»

Showet er basert på det klassiske zombie-eventyret All Flesh Must Be Eaten, skrive av Nichlas, som også er speleleiar under framsyninga. Her kan du vente deg zombiar, blod, gørr, mørk humor – og inkompetente vikarar i ein situasjon som raskt eskalerer.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. februar kl 16:00-18:45.
Gratis!

Plakat om Rollespillpoddens liveshow