Extra Lives: interaktiv gamingkonsert - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Ingen aldersgrense og kun 99 kr billetten takka vere sponsorane våre!
Set deg godt ned i stolen og sjå den morosame retroaktige dataspelhistoria på lerretet medan 4 profesjonelle musikarar, som blant anna har spelt med Britney Spears og Beck, gir deg live musikk frå- og inspirert av klassiske dataspel.
MEN VENT! Historien stoppar opp for helten, og DU og resten av publikum må bestemme kva som skjer vidare i historia ved å avgi stemme med mobilen.
Vil helten overleve og runde spelet takka vere deg, eller døy ein smertefull død?
Extra Lives er ei heilt unik, interaktiv sceneframsyning der publikum er hovudpersonen. Dette er verdas første Audience RPG – ein «choose your own adventure»-konsert der publikum avgir stemmer på kva som skjer vidare i historia, medan eit liveband speler ikonisk spelmusikk frå 80-, 90- og 2000-talet.
I Extra Lives: And the Land of Eternal Spring kastar vi oss inn i eit mørkt sci-fi-apokalypse-univers, der målet er å rømme frå robot-overherrane, redde verda – og framtida til menneskeslekta. Valet ditt avgjer alt: Feil val kan faktisk føre til Game Over for heile salen.
Med lys, lyd, animasjonar og levande musikk vert dette ei intens, leiken og nervepirrande oppleving – like spanande for hardcore gamarar som for dei som berre elskar god historie og stemning. Kvar framsyning er unik, med fleire moglege sluttar og over 60 variantar basert på publikum sine val.
Dette er ikkje berre ein konsert. Det er eit spel. Og DU er ein del av det.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 28. februar kl 20:00.
Varigheit: cirka 70-90 minutt avhengig av dine val!
Billettpris: KUN kr 99 (!) takka vere støtta frå sponsorar.
Billettslepp laurdag 31. januar kl. 12:00.
Trykk på klokkeslettet øvst for å kjøpe billettar.